Transport
Bil
- På flyplassen vert du møtt av ein representant frå Fjellguiden Altevatn og frakta til Altevatn for vidare transport over vatnet.
- Alternativt kan ein bli henta på Bardufosstun, 5 minuttar frå flyplassen, i tilfelle du har behov for overnatting før avreise til jaktterrenget.
- Frå Bardufoss lufthamn til Altevatn er det 45 km.
Båthamna ved Atltevatn. Foto: Ragnar Boifot
Båt på Altevatn
- Altevatnet er nesten 5 mil langt, regulert vatn, med mange lumske grunnar og til tider hardt vær.
- Lokalkunnskap om vatnet og værforhold er derfor svært viktig for å ferdast trygt på vatnet.
- Fjellguiden Altevatn sin 22 fot Buster Magnum er veleigna for transport på vatnet og godkjent for inntil 8 personar.
- Frå båthavna til Ostu som er båtplass for hytta på Leina er det 39 kilometer. Turen tar ca.45 minutt ved gode værforhold.

Båtar på Leinavatn
- Fjellguiden Altevatn har to spesiallaga 17 fots aluminium båtar med 40 hk motor på Leinavatn.
- Tilgangen til dei to båtane gir ein stor fleksibilitet og hurtig transport til ulike område på vatnet.
- Spesielt er dette viktig for å ha tilgang til ulike og varierte jaktterreng.

Snøscooter
- Fjellguiden tilbyr snøcootertransport til parkeringsplass for hytta til Statsskog på Leina. Turen tar ca. ein time under gode forhold.
- Ein avpassar antall snøscooterar og kjelkar etter antall personar, hundar og bagasje.
- Hjelm, briller og scooterdress inngår i leiga.
- Grunna låge temperaturar er det svært viktig med varme og rette klede. Sjå forslag til utstyrsliste.
