Jaktområder
Altevatn og Leina
- Frå Bardufoss flyplass til Altevatnet er det 45 km.
- Altevatn ligg 380 moh. og strekkjer seg 47 km. innover til grensa for Dividalen nasjonalpark og Leina-området på svenskegrensa.
- Altevatn-området er eit fantastisk naturområde omkransa av fjelltoppar på opptil 1600 meter.
- Eit unikt jaktområde for småvilt både haust og vinter, der ein kan jakte både lirype og fjellrype.

Småviltjakt ved Altevatn og Leina
- Kjell Hanstad er godt kjend i dette storslåtte jaktterrenget og tilrettelegg jaktturar for grupper på inntil 6 personar.
- Kjell ordnar med biltransport frå flyplass, båt og snøskutertransport over Altevatn.
- Kjell kan ved behov vere jaktguid under opphaldet.
- Ein kan velje om ein vil bu i hytte eller telt.

Etter avslutta jakttur
- Etter avslutta jakt vil Kjell ordne med pakking av ”viltet” og transport tilbake til Bardufosstun eller flyplass.
- Ein anbefalar at du overnattar på Bardufosstun, slik at du får deg ein dusj og og ei god natts søvn før du set deg på flyet neste dag.
