Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

  • Heim
  • Laksefiske Nausta
  • Fiskeføreskrifter

Fiskeføreskrifter

Fiskeforeskrifter


 

Fiskeføreskrifter for Nausta 2020

Dei som skal fiske i Nausta må registrere seg i www.elveguiden.no før fiske startar. Rapportering av fangst og kjøp av det obligatoriske Naustakortet, som kostar 50 kroner skjer via denne portalen. Før fiske startar har ein plikt til å sette seg inn Nausta elveeigarlag sine fiskereglar.

Fiskesesong

  • Laks, 01.06 – 31.08
  • Sjøaure, 22.06 – 08.08.

Fiskereiskap

  • Fluge, sluk, spinnar, wobler og mark.
  • Elveeigarlaget oppfordrar til bruk av «sirkelkrok» ved markfiske.
  • For å unngå krøking av fisk, skal avstanden mellom krokstammen og krokspissen ikkje vere større enn 13 mm, for enkelkrok ikkje større enn 15 mm.
  • Det er ikkje lovleg å bruke søkke ved anna enn markfiske.
  • Det skal nyttast knutefri håv, for å redusere skade på skjell og slim på fisk som vert sett ut at.
  • Det skal brukast kroktang for å løyse ut fiskekroken, på fisk som vert sett ut at.
  • Alle fiskarar skal ha utstyr for å måle lengda på fiske. Målband, tape på stang ol.

Kvote på villaks på fiskerettar formidla av FabelAktiv

  • Personleg døgnkvote (stong) på avliving av ein villaks t.o.m 65 cm. Fiskedøgn frå 18.00 til 18.00.
  • Samlekvote kvart fiskedøgn på avliving av 8 villaks t.o.m 65. cm. på fiskerettane til Friis, Kleven og Erdal under Naustdalsfossen, som blir utlegd samla. Fiskedøgn frå 18.00 til 18.00.
  • Personleg døgnkvote på 5 laks som blir sett tilbake i elva.
  • Fiske skal avsluttast når døgnkvota er nådd.

Sesongkvote for heile elva

  • Sesongkvote for heile elva på avliving av 45 villaks over 65 cm. som blir fordelt likt på områda: Sjø til Naustdalsfossen. Naustdalsfossen til Hovefossen. Hovefossen til Kallandsfossen.
  • Laks over 65.cm. som vert avliva utover kvota pga. skade, skal leverast til Naustdal alders og sjukeheim. For spørsmål kontakt styreleiar i elveeigarlaget Eiliv Erdal på telefon 90 52 19 97.

Desse retningslinjene gjeld for fisk som skal leverast til alders og sjukeheim

  • Fisk skal bløggast så raskt som mogeleg.
  • Ikkje legg fisken på bakken og unngå direkte kontakt med jord
  • All handsaming av fisken skal gå føre seg med god handhygiene
  • Fisken skal leggast i rein behaldar som er eigna for kontakt med næringsmiddel
  • Fisk som ikkje kan transporterast til mottak med ein gong, må kjølast ned/frysast midlertidig. Krav til kjølelagring er maks 4 grader celsius. Fryselagring skal skje ved -18 grader celsius eller kaldare

Kvote på sjøaure

  • Personleg døgnkvote på avliving av ein sjøaure inntil 50 cm. Større aure er freda.

Fangstrapportering

  • Avliva og utsett laks, sjøaure og oppdrettsfisk skal fortløpande rapporterast på elveguiden.no
  • Det skal takast skjellprøve av all avliva villaks, sjøaure og oppdrettsfisk.

Desinfisering og fisketrygdavgift

  • Alt fiskeutstyr skal desinfiserast før fiskestart.
  • Utstyr for dette finn ein på bensinstasjonen Best ved sjøen.
  • Kvittering skal visast til fiskeoppsyn.

Fisketrygdavgift

  • Fisketrygdavgift må betalast før fiskestart av dei som har fylt 18 år.
  • Kan betalast på heimeside til Miljødirektoratet.

Straff ved brot på fiskereglar

Brot på reglane eller medverknad til brot er straffbart. Regelbrot kan medføre utestenging, gebyr og melding til politiet. Fiske kan ikkje gjenopptakast før gebyr er betalt.

  • Gebyr for brot på fiskereglar er kr 4.000 kroner med unnatak for brot på kvote eller medverknad til dette, som er kr 8.000 kroner. Dei som blir tekne for kvotebrot, blir bortvist frå fiske i elva i 2 år.
  • Personar som har vist uakseptabel åtferd kan bortvistast frå fiske i elva. Uakseptabel åtferd kan vere å ikkje imøtekomme oppsynets pålegg, opptre truande eller sjenerande for andre fiskarar og grunneigarar. Bortviste personar er sjølve ansvarlege for å avstå frå fiske. Om dette ikkje vert overhalde, vil utestenginga bli utvida.
  • Fiske når vassdraget er midlertidig stengd straffast på lik line med brot på kvote.
  • For manglande innlevering av skjelprøve, er det eit gebyr på kr 1.000 kroner per skjelprøve.
  • Eigar/utleigar/kortselgar har plikt til å kontrollere om fiskar har løyst fisketrygdavgift i tillegg til gyldig desinfiseringsbevis.
  • Verneting for tvistesaker er Sunnfjord Forliksråd og eller Sunnfjord Tingrett.

Viktige telefonnummer

  • FabelAktiv ved Atle Frøysland 916 11 846.
  • Fiskeoppsyn Finn Olav Myhren 468 98 122.
  • Fiskeoppsyn veke 30, 32, 33 og 35 Gunnar Englund 913 19 505.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz