Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fiskesoner Nausta 3-4

Sone 3. Elin Solhaug

Fiskeretten ligg på nordsida av elva 7.5 kilometer frå sjøen, med parkering ved elva. Sona er 130 meter og har to stenger. Gode strømparti gjer dette til ei av dei beste flugesonene i Nausta på liten vasstand. Det er ei fin fiskehytte på 10 kvm med plass til overnatting for to personar. Gassgrill med kokeplate, gasslykt, vasskanne og fiskehov.

Sone 3 blir som oftast leigd ut saman med sone 4 som startar 60 meter på oppsida av øvre grense for sona. Dei to sonen sett under eit vert rekna som noko av det beste område for laksefiske i Nausta. I 2016 vart det tatt 67 laks på sone 3 og 4.

Sone 4. Terje Fjellestad

Fiskeretten ligg i eit fint naturområde på nordsida av elva 7.7 kilometer frå sjøen, med parkering ved elva. Sona er 150 meter og har to stenger og fungerer godt på dei fleste vasstandar. På øvre del av fiskeretten er det fine strømparti for flugefiske, mens nedre del Fletehølen høver best for slukfiske. Det er ei fin fiskehytte på 11 kvm med plass til overnatting for to personar. Gassgrill med kokeplate, gasslykt, vasskanne og fiskehov.

Sone 4 blir som oftast leig ut saman med sone 3 som startar 60 meter på nedsida av nedre grense for sona. Når ein disponerer begge sonene har ein tilgang til eit variert og spennande fiske på dei fleste vasstandar. I 2016 vart det tatt 67 laks på sone 3 og 4.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz