Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fiskesoner Nausta 1-2

Sone 1. Sigmund Brekke

Fiskeretten ligg i eit skjerma og fint naturområde på nordsida av elva, 2.6 kilometer frå sjøen. Parkering ved elva. Sona er 150 meter og ein disponerer to stenger. Det er ei god og lettfiska sone som fungerer godt på dei fleste vasstandar. Det er fine strømparti som som høver godt for flugefiske. Det er ei lita fiskehytte på 5 kvm. Fiskesona ligg på motsatt side av sone 2 og blir som oftast utleigd i lag med denne sona, for å unngå motfiske. I 2016 vart det tatt 73 laks på sone 1 og 2. 

Sone 2. Arne Grimseth

Fiskeretten ligg i eit skjerma og unikt naturområde på sørsida av elva, 2.6 kilometer frå sjøen. Parkering ved elva. Sona er 350 meter og har to stenger. Nedre del av sona som ligg på motsatt side av sone 1 er glimrande for flugefiske, mens terskelen lenger opp på sona er best for sluk og markfiske. Sona er lettfiska og fungerer godt på dei fleste vasstandar. Sone 2 blir som oftast leigd ut saman med sone 1 for å unngå motfiske. I 2016 vart det tatt 73 laks på sone 1 og 2.

Det er eit fint hyttetun med fiskehytte på 18 kvm. I hytta er det tre køyar med madrass for overnatting i sovepose. Bord, benkar, gassgrill med kokeplate, vasskanner og fiskehov. Tilgang til frysar. Utedo.

 

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz