Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Naustdalsfossen

Naustdalsfossen med fiskerettane Friis, Kleven og Erdal på flo sjø. Foto Terje RyggNaustdalsfossen med fiskerettane Friis, Kleven og Erdal på flo sjø. Foto Terje Rygg.

Området under Naustdalsfossen er kjent som eit av Noregs beste område for laksefiske. Fiskerettane Friis, Kleven og Erdal blir leigt ut samla med 6 stenger. Fiskerettane ligg 1.200 meter frå sjøen og er påverka av flo og fjære. Det er ikkje motfiske, då ein disponerer begge sider av elva. Nedre del av fiskeretten er eit fantastisk flugestrekke, mens fosshølen passar best for slukfiske.

Alle foto: Torbjørn Frøysland.

 

Hytta på Friis-retten.Hytta på Friis-retten.

Bustad på Friis retten:

Når ein fiskar under Naustdalsfossen bur ein i ei hytte med høg standard ti meter frå fosshølen. Frå den unike uteplassen kan ein studere hoppande laks i fosshølen og fiskekameratar som køyrer nygått laks på flugestrekket. Hytta har stor stove med kjøkkenkrok. Det er tre soverom med to sengar på kvart rom. To bad med dusj og toalett. Fiskebu for fiskeutstyr og pakking av fisk.      

Hytte på Erdal retten:

I gangavstand to minutt frå Friis hytta er det ei mindre hytte med god standard. Det er stove med kjøkkenkrok. To soverom med ei seng på kvart rom. Bad med dusj og toalett.  

Hytta på Friis-retten

Alle foto: Torbjørn Frøysland.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz