Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

  • Heim

Fossar i Gaula

I Gaularvassdraget som er varigt verna for kraftutbygging er det fem flotte fossar i den lakseførande delen av vassdraget. Dette er mektige fossar som vi anbefaler at våre kundar får opplev når dei er i Gaular for å fiske laks. Fossane er lett synlege frå riksvegen.

Osfossen

  • Osfossen ligg 500 meter frå sjøen. Området under fossen er i inn og utland kjent som eit av Noregs beste område for laksefiske.
  • Laksetrappa på sørsida i Osfossen er den eldste kuletrappa i landet og den tredje eldste i verda. Den har 17 trinn og ein høgdeforskjell på 11 meter.
  • William T Potts frå Correen i Castle i Irland var initativtakar til trappa som stod ferdig i 1871.
  • Laksetrappa er ein stor turistattraksjon, der du kan studere laksen i dei mange kulpane.
  • I 2005 vart der sett opp lakseteljar og videoovervaking i trappa. I fiskesesongen blir oppgangen av laks i trappa registrert dagleg og notert på ei oppslagstavle rett ved parkeringsplassen oppå fossen.
  • I eit år med normal snøsmelting startar fiske på oppsida av Osfossen rundt 20. juni.

 

Rekvikfossen

Rekvikfossen. Foto: Jon PetrussonRekvikfossen. Foto: Jon Petrusson

  • Den andre naturperla, Rekvikfossen, ligg ca. 4 kilometer oppe i elva.
  • På sørsida av elva kan du parkere ved Rekvikfossen og nyte synet av denne mektige fossen.
  • Heile Rekvikfossen er freda for alt fiske.
  • I eit år med normal snøsmelting startar fiske på oppsida av Rekvikfossen i byrjinga av juli.

Alværfossen

AlværfossenAlværfossen. Foto: Jon Petrusson

  • Den tredje naturperla, Alværfossen, ligg ca.6.5 kilometer oppe i elva.
  • På brua over elva ved Døskeland Bruk kan du sjå det øvre partiet av fossen.
  • Deler av Alværfossen er freda for fiske.
  • I eit år med normal snøsmelting startar fiske på oppsida av Alværfossen rundt 10.juli.

Sandafossen

SandafossenØvre del av Sandafossen. Foto: Jon Petrusson

  • Den fjerde naturperla, Sandafossen, ligg ca.9 kilometer oppe i elva.
  • Frå vegen på sørsida av elva kan du sjå nedre del av fossen på nokre hundre meters avstand.
  • Det meste av den langstrakte Sandafossen er freda for alt fiske.
  • Området under Sandafossen er ei skjerma naturperle og ein god fiskeplass for flugefiske.
  • I eit normalår startar fiske på oppsida av Sandafossen rundt 1.august.

Fossfossen

FossfossenFossfossen. Foto: Jon Petrusson

  • Den femte naturperla, Fossfossen, ligg 15 kilometer oppe i elva der laksen stoppar.
  • Frå vegen på nordsida av fossen kan du frå orkesterplass studere denne storslåtte fossen.
  • Dei første laksane vert i eit normalår fiska under Fossfossen rundt 1.august
  • Området under og på nedsida av Fossfossen vert rekna som ein god fiskeplass.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz