Kvalitetsstandard
FabelAktiv sin kvalitetsstandard skal optimalisere alle påverkelege faktorar for å sikre våre kundar ein vellykka og forutsigbar fisketur. Nedanfor ser du vår kvalitetsstandard for laks- og sjøaurefiske.
- Fiskerettar
- Bustad
- Fiskehytter
- Vegetasjon
- Vertskap
- Fiskeguidar
- Kokk
- Fiskeutstyr
- Aktivitetar
- Fiskerettane skal være blant elvas beste rettar og kunne vise til eit godt og stabilt fangstvolum av fisk.
- Fiskerettane skal være fordelt over heile elva, for å kunne tilby eit godt fiske gjennom heile sesongen, i takt med laksen sin fordeling på elva.
- Fiskerettane skal vere varierte, for å kunne tilby pakkeløysingar av fiskerettar, som fungerer godt på ulike vasstandar.
- Fiskerettane skal ligge i ein skjerma og fin natur.
- Det skal vere kart som viser kvar fiskerettane er i elva og beskrivelse av dei.
- Nedkjørsle, parkering og fiskesoner skal vere godt skilta.
Hus og hytter:
- Bustad med inventar, utemøblar og uteområde, skal ha ein standard som er tilpassa kundegruppa som det er tiltenkt.
- Så langt råd er, skal det være kort avstand til elva og fin utsikt over elva og dalen.
- Uteområde skal være godt opprusta og eigna for instruksjon i flugefiske og andre aktivitetar.
Fiskehytter:
- På fiskerettane er det så langdt som det er råd fine og praktiske fiskehytter.
- Hyttene er av ulik storleik og utforming tilpassa kvart naturområde.
- Det er køyar med madrass for overnatting i sovepose.
- Der er bord og benkar. Gassgrill med kokeplate. Gasslampe. Vasskanner. Fiskehov. Fiskevekt.
- Fint og velstelt uteområde med bålplass.
- Utedo.
Vegetasjon:
- Fiskerettane er godt rydda for skog og anna vegetasjon.
- Årleg pleie langs tilkomstvegar til elva og fiskestiar sikrar til ei kvar tid eit velstelt område langs og ved elva.
- Arbeidet blir utført slik at det i varetek fiskens behov for skjul og næringstilgang frå tre og busker langs elvebredda.
- Der tre og busker er nødvendig bindingsmateriale for å sikre elvebredda mot utrasing i samband med flaum og isgang, ber ein om forståing for at vi ikkje kan fjerne vegetasjonen.
Vertskap:
- Våre samarbeidspartnarar får god opplæring og oppfølging for at du som kunde skal vere sikra eit minnerikt opphald.
- Dei er sterkt engasjert i utvikling av eige produkt og i utviklinga av FabelAktiv.
- Dei er din kontaktperson under opphaldet.
Fiskeguidar:
- Fiskeguidane er lokale og entusiastiske fiskarar med lang erfaring.
- Under opphaldet vil dei bidra med gode tips og råd om laksen og sjøauren sine standplassar på ulik vasstand.
- Korleis du skal fiske dei ulike hølane og når tid på døgnet det er størst sjanse for å få fisk.
- Våre guidar kan bidra med opplæring i fluge, sluk og markfiske.
- Har du behov for å leige fiskestenger, vadebukser eller kjøpe fluger og slukar så ordnar guidane dette.
- Har du behov for transport til fiskesoner og flytransport kan dei hjelpe til med dette.
Kokk:
- Våre kokkar er handplukka med utgangspunkt i gode referansar.
- Dialog med våre kundar i planlegginga av menyar blir tillagt stor vekt, for å sikre ønska kvalitet.
- Det blir lagt vekt på bruk av lokale råvarer og mattradisjonar.
- Fleksibilitet i tidspunkt for måltid og servering ved elva er viktig for å optimalisere fiskeopplevinga.
Leige av fiskeutstyr:
- Fiskeutstyr som fluge, sluk, markstenger og vadebukser kan leigast.
- Redningsvestar, stonghaldarar og fiskehovar er gratis.
- Forbruksutstyr som fluger, slukar, fiskesene osv. kan kjøpast.
- Ein kan gjennom praktisk fiske teste ut ulike flugestenger for deretter å kunne kjøpe eige utstyr tilpassa eigen kasteteknikk.
Alternativt fiske:
- I tilfelle vanskelege fiskeforhold, har vi tilrettelagt for alternativt aktivitetar.
- Aurefiske og sjøfiske der avstandar til gode fiskeplassar tillet dette.
- Opplæring i flugefiske.
- Guida fjellturar, breturar og stølsturar.
- Rafting, fjellklatring, golf og leirdueskyting.
- Besøk av museum og galleri.
- Hotell og restaurantar.