Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Avtalevilkår

1.    Bestilling

Bestilling er bindande for begge partar når FabelAktiv har mottatt signert kontrakt.

2.   Betaling

50 % av fakturabeløp forfell til betaling 10 dagar etter at faktura er mottatt.

Resterande del av beløpet forfell til betaling 30 dagar etter at faktura er mottatt.

Ved bestilling seinare enn 90 dagar før opphaldet startar forfell 100 % av fakturabeløpet 10 dagar etter at faktura er mottatt.

3.   Avbestilling

Avbestilling skal skje skriftleg.

Ved avbestilling vil betaling i henhold til kontrakt kunn bli kreditert i dei tilfelle FabelAktiv lykkast med vidaresal av kontrakten til andre interessentar, eller at kunden sjølve overdrar kontrakta i si heilheit til andre interessentar som FabelAktiv godkjenner.      

Når vidaresal vert formidla av FabelAktiv vil den pris FabelAktiv oppnår bli kreditert kunden som har avbestilt, med frådrag av 10 % av vidaresalet utan ugrunna opphald.

FabelAktiv pliktar ved avbestilling å søkje vidaresal av kontrakta til andre mulige interessentar til best mogeleg pris, men kan ikkje garantere at slikt vidaresal kan gjennomførast.

I tilfelle at vidaresal ikkje let seg gjennomføre – uansett grunn – vil kunden måtte dekke opphavleg  kontrakt i si heilheit.

Kunden har rett til å overdra kontrakta til andre interessentar innan 14 dagar før kontrakta trer i kraft. FabelAktiv forbeheld seg retten til å nekte vidareformidling, men då utan rett til å krevje kompensasjon for avbestilling.

4.   Skade på eigedom og utstyr

Leigetakar og andre personar som deltar i leiga pliktar å erstatte all skade på eigedom og utstyr som enten vert leigd, lånt eller vert nytta i leigeforholdet.  

Tilsvarande gjeld også for andre personar som leigetakar gir adgang til eigedommen.   

5.  Endring av føreskrifter

Formidlar fråskriv seg eit kvar ansvar knytta til endringar av føreskrifter for fiske og jakt.

Dersom det skulle oppstå tilhøve som gjer at det vert freda for fiske eller jakt i leigeperioden, pliktar formidlar å betale tilbake 90 % av innbetalt beløp.

6.  Ansvar

FabelAktiv og grunneigar fråskriv seg eit kvart ansvar knytta til ulykker og skadar, for leigetakar og andre personar som deltar i leiga.

7.  Rettstvist

Ein eventuell rettstvist skal avgjerast ved Fjordane Tingrett.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz