Fiske
Aurefiske
- Fiske i Haukedalen er variert og eignar seg godt for heile familien.
- Fisken er av god kvalitet, sølvblank og med raud og fin farge på kjøttet.
- Den beste fiskeperioden i Haukedalen i er frå 15 juni og ut september månad. På fjellet frå 10 juli.
Fiske i Haukedalsvatnet
- Haukedalsvatnet med sitt grønfarga brevatn ligg 300 moh. og er 10 kilometer langt.
- I Haukedalsvatnet kan ein fiske frå båt i innlaupsosen og på vatnet.
- Ein mykje brukt fiskemetode på vatnet er markdrag og oter.
- Leige av garn og garnfiske etter avtale.
Fiske i fjellvatn
- På Årskaugheia 600 moh. kan ein fiske i tre ulike fjellvatn.
- Fisken er av middels kvalitet og storleik.
- Turen opp til Årskaugheia tar 45 minutt på skogsvei/sti.
Fiske i elva
- I elva Gaula disponerer vi over ein kilometer med mange gode og varierte fiskeplassar for fluge, sluk og mark.
- Flugestrekket innn mot innlaupsosen til Haukedalsvatn er eit eldorado for flugefiske.