Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Andre aktivitetar

Andre aktivitetar ved Jølstra

Luftkampmuseet

  • Film og ulike gjenstandar frå det største luftslaget i Noreg under andre verdenskrig 9 februar 1945.
  • Museet er i lokala til Helga`s Tradisjonsmat, gardsmatutsal, 5 kilometer vest for Naustdal rett ved staden for luftslaget.

Sunnfjord Museum

  • 20 kilometer aust for Førde, ved Movatnet på veg mot Jølster.
  • Hovudmuseum for Sunnfjord. Museet har ulike utstillingar, aktivitetar og personleg guiding. Levande dyr og aktivitetar for barn.
  • Frå museet kan ein gå på museet sin kultur- og natursti, Mostien til den kjende Huldrefossen.
  • Museet har kafe og butikk.

Astrup Tunet

  • På sørsida av Jølstravatnet, 30 kilometer frå Førde.
  • Heimen og småbruket til den kjende målaren Nikolai Astrup.
  • Galleri og museum med utstillingar av Astrup sine måleri, grafikk, skisser og tresnittplater.
  • I kafeen er det servering av rømmegraut og sal av reproduksjonar og litteratur.

Jølster Rafting

  • Rafting i to elvar. Stardalselva som er ei nybegynnarelv og Jølstra som er ei av Skandinavias beste raftingelvar.

Fossestien

  • Merka og tilrettelagt sti på 22 kilometer frå Gaularfjellet til Viksdalen langs det verna Gaularvassdraget.
  • På strekninga er det 14 større fossar og 7 vatn.
  • Du får nærleik til elva, til stryk og fossar i eit varierande og flott landskap.

Klatring

  • Geir Ståle Kalland er ein aktiv friluftsinteressert Naustedøl som tilrettelegg for ulike klatreaktivitetar i Naustdal.
  • Grunninnføring i klatring.
  • Vandring og klatring i ulik i fossejuv, tilpassa barn og vaksne.
  • Klatring og rappelering i ferdigbolta ruter.
  • Luftige fjellturar.

Aurefiske

  • Sunnfjord-området er eit av landets beste område for aurefiske.
  • Gaularvassdraget med 5 mil elv og vatn frå Haukedalsvatnet til den lakseførande del av Gaula har svært fine område for aurefiske.
  • Jølster med det kjende Jølstravatnet og Jølstra er også eit unikt område for eit variert og godt aurefiske for alle alderstrinn.

Eikaasgalleriet

  • På nordsida av Jølstravatnet, 30 kilometer frå Førde.
  • Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt største galleri. Vart etablert med bakgrunn i kunstsamling som Ludvig Eikaas gav til Jølster kommune.
  • Eikaas er kjend som den første som laga nonfigurativ kunst i Noreg.
  • Galleriet har ei brei Eiksas utstilling saman med jamlege gjesteutstillingar.
  • Kafe med sal av kunst.

Glacier Team

  • Guida breturar og unike naturopplevingar saman med den erfarne breførar Jarle Helgheim.
  • FabelAktiv anbefaler i tillegg Helgheim sitt lysbilde-foredrag om naturen i Jølster og Jostedalsbreen.
  • Kjøp også boka til Helgeheim. "Jølster – Bygda og Breen".

Sunnfjord Golfklubb

  • Vassenden i Jølster, 20 kilometer frå Naustdal.
  • Bana er ein ni hols par 70 bane, lengde 4510 meter. 

Norsk Bremuseum i Fjærland

  • Føremålet med Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om snø, is og brear.
  • Bremuset syner samspelet i naturen mellom natur og menneske gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is.
  • På bremuseet kan du sjå Ivo Caprino sin panoramafilm ”Jostedalsbreen-den største breen på fastlandet i Europa”.

Svanøya

  • Sunnfjords perle Svanøya ligg rett sør for Florø ved innseglinga til Førdefjorden.
  • Johan Trygve Solheim som er daglegleiar for Svanøy stiftelse, stiftelsen Norsk Hjortesenter og stiftelsen Svanøy hus, kan ta deg med på ein opplevelsesrik rundtur til Svanøy Hovedgaard. Bygt på 1600 talet som hovudsete for Sunnfjord området.
  • Norsk hjortesenter. Nasjonalt kompetansesenter for hjort.
  • Svanøy Herregård. Sal av røyke- og gravlaks.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz