Sesongen 2014 i Nausta
På FabelAktiv sine fiskesoner vart det i år fiska 145 laks som er ein auke på 23 % frå 2013.
Tatt i betraktning den svært låg vasstanden og høg vasstemperatur gjennom stort sett heile sesongen, så er dette eit godt resultat. Snittvekta gjekk ned frå 3.0 til 2.8 kilo.
Mykje laks i Nausta
Oppgangen av laks til Nausta i år er over det dobbelte av i fjor. Det er registrert 1.100 fisk gjennom fisketeljar/video i Hovefossen. Det er mykje stor laks til Nausta å vere og godt med mellom- og smålaks. Den største laksen som er registret i teljaren er på ca.20 kilo.