Sats på Nausta i 2012
I 2011 gjekk det 1.824 villaks gjennom lakseteljaren i Hovefossen i Nausta. Dette er ein auke på 1.270 laks frå 554 i 2010. Snittet for oppvandrande laks dei ti siste åra er 890. Resultata frå teljaren er kontrollert oppimot video, så tala er korrekte. Kva skuldast så den store auken ?
800 laks på fiskerettar til FabelAktiv i Nausta og Gaula i 2011
I 2011 vart det tatt over 800 villaks på fiskerettane som FabelAktiv formidlar i Gaula og Nausta i Sunnfjord. Snittvekta i Gaula var 4.5 kilo og Nausta 3.0 kilo. Åtti prosent av laksen i Gaula, vart sett tilbake i elva. For laks over 3 kilo nitti prosent. Utsettingsprosenten i Nausta er litt lågare.