Fiskedøgn i Naustdalsfossen 2020
FabelAktiv formidlar fiskerettane under Naustdalsfossen frå 1.juli til 31. august. Den unike fiskeplassen, med overnatting på elvekanten, der du kan nyte eit god måltid, og studere laksen når den hoppar i fosshølen må opplevast. Du kan kombinere fiske under fossen, med fiske på fire gode fiskerettar lenger oppe i elva om du ynskjer det.
Naustdalsfossen blir leigd ut samla til ei kundegruppe. Det er obligatorisk startguiding med informasjon om fiskereglar og korleis du bør fiske på retten for å få mest laks. Du kan i tillegg leige fiskeguide ein eller fleire dagar, kokk og fiskeutstyr.
For meir informasjon om Naustdalsfossen og andre fiskerettar.
For meir informasjon kontakt Atle Frøysland på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller telefon 916 11 846.