Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

1650 laks gjennom fisketeljar i Nausta

DSC 0460 350

1 august har det gått 1650 laks gjennom fisketeljaren i Hovefossen, fire kilometer frå sjøen. Snittet dei siste 10 åra pr 1 august er 850 laks, og det beste året i perioden, 2011, var det gått opp 1.650 laks. Det har vore ein ideell vasstand og temperatur gjennom heile fiskesesongen for at laksen skal fordele seg på heile den lakseførande delen av Nausta som er 11.5 km.

Det er tatt ca. 200 laks, på dei sju fiskesonene som FabelAktiv formidlar på oppsida av Naustdalsfossen. Det er mest mellomlaks, men den siste tida   har det vore eit godt innsig av tert (smålaks). Det er kun 7 ledige fiskedøgn på FabelAktiv sine fiskesoner for resten av sesongen, sjå ledige periodar.

Ei god forvaltning med strenge fangstkvotar og kultivering over ein periode på åtte år byrjar no å gi gode resultat i Nausta. Nye fiskefremjande tiltak som er under planlegging har som målsetting å gjere Nausta til den beste lakseelva i Noreg, målt i antal og kilo laks pr. km. lakseførande elv. Kva effekt ein oppnår av auka smoltproduksjon i elvefasen vil variere, då det blir påverka av oppvekstforholda for laksen i sjø og havfasen. Ein god regel er at går det dobbelt så mykje laksesmolt ut frå Nausta så kjem det dobbelt så mykje laks tilbake til Nausta.

 

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz