Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

Sesongen 2014 i Nausta

Godt fiske i NaustaPå FabelAktiv sine fiskesoner vart det i år fiska 145 laks som er ein auke på 23 % frå 2013.
Tatt i betraktning den svært låg vasstanden og høg vasstemperatur gjennom stort sett heile sesongen, så er dette eit godt resultat. Snittvekta gjekk ned frå 3.0 til 2.8 kilo.

50 % av laksen vart sett tilbake i elva. For laks under 3.0 kilo 38 % og for større laks 77 %.

Oppgangen av laks gjennom fisketeljar og video i Hovefossen auka frå 925 i 2013 til 1.200 i 2014. Statistikk for fiskesoner til FabelAktiv og lakseteljar i Hovefossen finn du ved å klikke her. Statistikk for Nausta er ikkje klar pr.dato. 

50 % auke for fiskesoner på oppsida av Hovefossen

Det var ein auke på 50 % for antal laks på FabelAktiv sine soner på oppsida av Hovefossen frå 2013 til 2014. Dette skuldast at det vart utført ei omfattande utbetring av laksetrappene i Hovefossen før årets sesong. Dette førte til at laksen for første gang på mange år gjekk opp fossen på tilsvarande vasstand som i Naustdalsfossen. For fiskesonene som ligg på oppsida av Hovefossen fører dette til ein langt tidlegare oppgang av laks og ein jamn oppgang gjennom heile sesongen.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz