Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

Mykje laks i Nausta

Godt fiske i NaustaOppgangen av laks til Nausta i år er over det dobbelte av i fjor. Det er registrert 1.100 fisk gjennom fisketeljar/video i Hovefossen. Det er mykje stor laks til Nausta å vere og godt med mellom- og smålaks. Den største laksen som er registret i teljaren er på ca.20 kilo.  

Det er framleis ein god stabil oppgang av laks frå sjøen kvar dag, sjølv med svært liten vasstand. Det blir rapportert om mykje laks i Førdefjorden, så det er eit godt håp om at det kan komme bra med laks til Nausta også i august.

Oppgangen av laks gjennom Hovefossen til øvre elva har vore god gjennom heile sesongen. Dette skuldast utbetringar av dei to trappene i fossen før årets sesong. Den stabile oppgangen har slått svært positivt ut for fiske på FabelAktiv sine soner på oppsida av Hovefossen, dvs. sone 4 til 7.

Fint ver med høg lufttemperaturar, låg vassføring og høg vasstemperatur i store deler av sesongen har vore ei utfordring for fiske og slått negativt ut for fangstane. Når det kjem regn forventar ein eit godt fiske på alle sonene i elva.

Ynskjer du å fiske i Nausta sjå Gode tilbod – ledige periodar.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz