Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

God opning på laksefiske i Nausta

Fiske i NaustaFrå 1. til 9. juni er det tatt i overkant av 100 laks i Nausta. Det aller meste er mellom- og storlaks. All laks over 3,0 kilo som ikkje er skada blir sett tilbake i elva. Laksen er allereie godt fordelt på heile elva. Det har gått 50 laks gjennom lakseteljaren i Hovefossen, noko som er eit godt bevis på at restaureringa av laksetrappa sist haust har vore ein suksess.

Nausta har som første elva i Noreg innført føre var prinsippet når det gjeld kvotar. Det er ei personleg døgnkvote på ein laks på inntil 3,0 kilo. I tillegg er det ei sesongkvote på heile elva på 30 laks over 3,0 kilo, der heile kvota skal gå til stamlaks. Når ein kjem til medio juli og ein har oversikt over mengda mellom – og storlaks kan kvota bli utvida om det er grunnlag for det. Føre var prinsippet sikra meir villaks i elva og eit betre laksefiske.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz