Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

Fiskesesong i Nausta 2014 1. juni til 31. august

Fiske i NaustaFisketida i Nausta er utvida med 30 dagar frå 2013 til 2014. Utvida fisketid skuldast Nausta elveeigarlag si gode forvaltning av laksestammen. I 2008 vart det innført ein ny og todelt kvotemodell, for å i vareta den største og viktigaste gytelaksen.
Modellen fungerer slik:

Sesongkvote for heile elva på laks over 3.0 kilo og personleg døgnkvote på mindre laks. I snitt har 63 % av laksen over 3.0 kilo og 18 % av laksen under 3.0 kilo blitt sett tilbake dei siste seks åra. Dette har i snitt gitt ein årleg auke på 22.000 laksesmolt.

 
Modellen har gitt dette resultatet i Nausta

Årstal Laks inntil 3.0 kg. Laks over 3.0 kg. Smolt Smålaks
Ant. Utsett % Ant. Utsett %
2013 754 155 20 279 156 56 17.000 850
2012 1218 303 25 686 503 73 52.500 2.625
2011 789 103 13 433 338 78 32.400 1.620
2010 876 285 33 174 94 54 12.800 640
2009 579 38 7 185 67 36 6.500 325
2008 682 52 8 169 132 78 13.700 685
2007 268 0 0 272 0 0 0 0

 

Kommentarar til tabell:
  • Utrekningar i tabellen er basert på retningslinjer frå Norsk institutt for naturforsking (NINA).
  • Det er rekna 30 % holaks i vektklassen 0 - 3 kilo og 65 % over 3.0 kilo. Rogn pr.kilo laks er 1.450 stk. Overleving frå rogn til årsyngel er 10 % og frå årsyngel til treårig smolt 20 %. 
  • 5 % sjøoverleving frå smolt til smålaks. Dette vil variere svært mykje.
  • Kolonne for smolt og smålaks viser auka produksjon pga. av utsett laks. I 2012 var det så mykje stor gytelaks at samla rogndeponering truleg var over elvas produksjonskapasitet. Dvs. at ein ikkje fekk full nytte av all utsett laks.

I tillegg til auka smoltproduksjon som følgje av strenge kvotar, kjem effekten av at Nausta blir kultivert med augerogn på oppsida av lakseførande strekning. Det tar nokre år før tiltaka verkar, men på sikt vil dette gi meir laks og auka verdiskaping for lakseturismen.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz