Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

Fantastisk laksefiske i Nausta i 2012

IMG 3760Nausta kan i 2012 vise til 56 prosent auke i antal laks og 73 prosent i kilo. Det vart tatt 1.904 laks og 6.119 kilo. Snittvekta auka frå 3.0 kilo i 2011 til 3.6 kilo i år. Endå meir imponerande er resultatet når ein veit at fiskesesongen først starta 22.juni og vart avslutta 15.august.

Ca. 40 prosent av all laks vart sett tilbake i elva. For laks over 3.0 kilo ca.75 prosent. Dette gir ein unik gytebestand noko som saman med god kultivering gjer at framtida for elva ser lys ut.

Nausta er lakseførande i 12. kilometer og vil når den blir samanlikna med store og lange elvar komme eit stykke ned på statistikken over dei beste elvane i Noreg. Ser ein derimot på antal  og kilo laks pr. kilometer elv vil Nausta med 159 laks og 510 kilo pr. kilometer elv vere blant Noregs aller beste elvar. Dette er den rette måten å vurdere elvane på skal ein få eit korrekt bilde av sjansen for å få laks.

Grunna den gode utviklinga for Nausta dei siste to åra, er det lurt å vere tidleg ut med å bestille fiske for sesongen 2013. Elveeigarlaget søker om fisketid frå 1.juni til 31.august.

 

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz