Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

Eventyrleg laksefiske i Nausta og Gaula i Sunnfjord

NAUSTDA 9826På fiskesoner som blir formidla av FabelAktiv i Nausta og Gaula i Sunnfjord, vart det i 2012 tatt over 1.100 villaks. Snittvekta for laksen i Nausta var på 3.6 kilo og Gaula 4.5 kilo.

På soner formidla av FabelAktiv i Nausta vart femti prosent av all laks  sett tilbake i elva og syttifem prosent av laksen over 3.0 kilo. I Gaula sekstifem prosent av all laks og syttifem prosent av laksen over 2.5 kilo. Største laksen i Nausta var på 14.0 kilo og i Gaula 15.6 kilo.

Gjennom fisketeljaren i Osfossen i Gaula har det 15 september passert 2.850 fisk og i Hovefossen i Nausta over 2.000.

Fangsstatistikk for elvane føreligg ikkje endå, men på fiskesoner der FabelAktiv formidlar fiske, kan sesongen oppsummerast slik.

 

Nausta:

På fiskerettane Friis, Kleven og Erdal under Naustdalsfossen vart det tatt 550 villaks. I den perioden som FabelAktiv formidla rettane frå 5 juli til 8 august 180 villaks. Største laksen var på 14 kilo. Fiske vert ikkje mindre bra, når ein veit at laksen fekk gå uhindra opp Naustdalsfossen det meste av sesongen frå tidleg i juni. pga. passe stor vannstand .

På sone 1 til 3 mellom Naustdalsfossen og Hovefossen vart det tatt 153 villaks. Jamn og ideell vannstand gjorde til at fiske var godt gjennom heile sesongen.

På sone 4 til 7 på oppsida av Hovefossen var det tatt 65 villaks. Stabil og litt for høg vannstand til godt ut i juli, førte til at laksen hadde problem med å gå opp trappa i Hovefossen. Når så sesongen i tillegg vart avslutta så tidleg som 15 august, påverkar dette fangstane av laks i øvre elva negativt. 

Snittvekta for laksen var 3.6 kilo mot 3.0 kilo i 2011. Femti prosent av all laks vart sett tilbake i elva. For vektklassen over 3.0 kilo åtti prosent. Fiskesesongen var frå 22 juni til 15 august.

Gaula:

Under Osfossen på sona til Lervik vart det tatt 286 villaks noko som er ein reduksjon på 66 villaks frå 2011. Snittvekta var som i 2011 4.5 kilo. Største laksen var på 15.6 kilo. Reduksjonen i antal laks frå 2011, skuldast unormal høg vannstand frå medio juli. Hovudtyngda av laksen går då opp på retten til Wahl på sørsida under fossen. Den store auken i tal laks på retten til Wahl frå 2011 til 2012 stadfestar dette.

For fiskesoner på oppsida av kommunesenteret Sande er ikkje statistikken klar pr.dato. Det var svært mykje laks på dette området, men fangsstatistikken vil truleg vise ein nedgang frå 2011. Dette skuldast at laksen kom seint opp til dette området grunna høg vannstand til ut i byrjinga av august. I tillegg vart slutten av sesongen øydelagt pga. svært høg vannstand. 

Talmaterialet for utsett laks er ikkje klart pr.dato, men ei reknar med at sekstifem prosent av all laks vart sett tilbake i elva. For vektklassen over 2.5 kilo syttifem prosent. Fiskesesongen var frå 1 juni til 15 september.

Til slutt vil eg få takk FabelAktiv sine kundar for godt samarbeid gjennom årets sesong.

 

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz