God start på laksefiske i Osfossen
Dei første dagane av laksefiske i Osfossen i Gaula i Sunnfjord har vore svært godt. Laksen er feit og fin og snittvekta er over 6 kilo. Største laksen er på 15.6 kilo og fleire laksar ligg på rundt 10 kilo.
All laks som ikkje er skada/blør er sett tilbake i elva, dvs. 90 prosent. Alt fiske med fluge og sluk føregår utan mothakar, for lettare å kunne ta laksen av kroken.
Det er minimalt med lakselus og ikkje synlege luseskadar på nokon av laksane.