Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

Sats på Nausta i 2012

NAUSTAI 2011 gjekk det 1.824 villaks gjennom lakseteljaren i Hovefossen i Nausta. Dette er ein auke på 1.270 laks frå 554 i 2010. Snittet for oppvandrande laks dei ti siste åra er 890. Resultata frå teljaren er kontrollert oppimot video, så tala er korrekte. Kva skuldast så den store auken ?

Nausta innførte saman med Gaula i Sunnfjord for nokre år tilbake som dei to einaste elvane i Noreg, samlekvote for heile elva på avliving av laks med vekt over 2.5 kilo. Fleire mellom- og storlaks får gyte noko som gir ein formidabel auke i produksjonen av laksesmolt. I tillegg kjem kultivering med augerogn på oppsida av lakseførande strekning. Dette saman med betre oppvektvilkår i havet slik at fleire laks overlever sjøfasen og vender tilbake til Nausta er årsakene til den gode utviklinga. Tilsvarande utvikling ser ein i Gaula i Sunnfjord.

Med enkle tiltak er Nausta og Gaula i Sunnfjord, på få år blitt blant dei aller best forvalta lakseelvane i Noreg. Takk til FableAktiv sine kundar og andre sportsfiskarar som gjennom strenge kvotar har bidrege til dette i dei to elvane. Tida er snart inne for at ein kan lempe litt på dei strenge kvotane. Målet må vere at ein i tillegg til den personlege døgnkvota på avliving av ein laks under 2.5 kilo, i løpet av sesongen kan ta med seg nokre mellomlaks heim frå elva.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz