Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

800 laks på fiskerettar til FabelAktiv i Nausta og Gaula i 2011

GAULAR OSFOSSENI 2011 vart det tatt over 800 villaks på fiskerettane som FabelAktiv formidlar i Gaula og Nausta i Sunnfjord. Snittvekta i Gaula var 4.5 kilo og Nausta 3.0 kilo. Åtti prosent av laksen i Gaula, vart sett tilbake i elva. For laks over 3 kilo nitti prosent. Utsettingsprosenten i Nausta er litt lågare.

Lakseteljar/video i Osfossen har passert 2.500 og i Hovefossen 1.400 fisk. Samanlikna med oppgangen til og med september 2010 er dette ein auke på 800 fisk i begge elvane. Då det framleis er bra med laks under Osfossen og i nedre del av Nausta reknar ein med at meir laks vil passere gjennom teljarane. Gytemålet i elvan er uansett passert med god margin.

På fiskeretten til FabelAktiv under Osfossen (nordsida) vart det tatt 353 villaks, med ei samla vekt på 1.580 kilo. Snittekt på 4.5 kilo. På fiskerettane som vi formildar i øvre del av Gaula har fiske vore svært godt. Truleg har det ikkje vore så mykje laks på dette området på fleire tiår. All laks som ikkje er skada er sett tilbake i elva, slik at elva er full av stor gytelaks. Det har vore lite oppdrettslaks og lakselus i Gaula.

I Nausta vart sesongen avslutta 15.august. På fiskerettane til FabelAktiv under Naustdalsfossen vart det tatt 200 villaks. På FabelAktiv sine fiskesoner ovanfor Naustdalsfossen 210 laks. Snittvekt på litt over 3 kilo. Oppdrettslaks og lakselus har vore minimalt.

Det er svært gledeleg å sjå at Gaula og Nausta er på god vei tilbake, til å vere blant Noregs beste elvar målt i tal laks pr. meter lakseførande elv.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz