Fin utvikling for Nausta
På fiskesoner formidla av FabelAktiv i Nausta vart det tatt 135 villaks i 2010. Det er ein liten auke frå 2009, med ein månad kortare sesong.
Innsiget av smålaks har vore betre enn forventa og gir håp om betre lakseår i Nausta, dei komande sesongane. Kundane våre fortel at dei har sett vesentleg meir laks enn på fleire år, men at laksen har vore lausbeten og at dei har mista mykje laks. Det er kjekt å få laksen på land, men for dei fleste er det viktigaste å sjå at det er godt med laks i elva.
Rundt førti prosent av all laks er sett tilbake i elva. For laks med vekt over 2.5 kilo sytti prosent. Meir naturleg gyting og kultivering med augerogn på oppsida av lakseførande strekning og i sideelvar gjer at ein ser lyst på framtida for villaksen i Nausta.