Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

Fabelaktiv

Kontakt: Atle Frøysland, tlf. 916 11 846
epost

  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

362 villaks i Osfossen

OsfossenI 2010 vart det fiska 362 villaks i Osfossen på fiskeretten til Harald Lervik, som vert formidla av FabelAktiv. 92 % av laks med vekt over 3 kilo vart sett tilbake i elva.

Største laksen var på 18 kilo. 66 % av laksen vart sett tilbake i elva.  Av 171 laks med vekt over 3 kilo vart 158 laks (92 %) sett tilbake i elva. Sjå statistikk.

Laksefiske i Osfossen i 2010 vart eit eventyr, mot det ein kunne forvente etter sesongen 2009, då det kun vart tatt 169 laks. Spesielt gledelig var den gode fangsten på 191 smålaks, mot 49 i 2009. Dette gir grunn til optimisme med tanke på dei komande sesongane.

Fiske med fluge og sluk har føregått utan mot mothakar, noko som vert tatt godt imot av våre kundar. Markfiske er forbode. Vi vil takke våre kundar for den svært positive haldninga som er vist, for å i vareta laksestammen i Gaula i Sunnfjord.

Totalt vart det fiska 425 fisk med ei vekt på 1.325 kilo. Dette fordelar seg på 362 villaks, 18 sjøaure, 27 oppdrettslaks og 18 regnbogeaure.

E-post

Utviklet med HTML5 og CSS3 av akzidenz