God start i Nausta
Sidan fiskestart 15.juni har det vore godt fiske i Nausta. Det er ei fin blanding av storlaks, fin mellomlaks, liten mellomlaks og vesentleg meir smålaks enn forventa.
Starten på fiske i Naust har vore betre enn forventa. Det mest positive er det gode innsiget av smålaks. Som forventa er smålaksen liten og litt mager pga. dei dårleg beiteforholda for laksesmolt, medan større laks er feit og fin grunna den gode tilgangen på sild i havet.
Det ser også lovande ut for sjøauren og det er allereie tatt ein del fisk frå 1.5 til 2.0 kilo.
Måtte dette bare vedvare.