Fire område i elva
- FabelAkitv formidlar nokre av dei beste fiskerettane i Gaula. Rettane er fordelt på det meste av elva, for å kunne tilby eit variert og spanande fiske på ulik vasstand, i takt med laksen sin fordeling på elva gjennom sesongen.
- Fiskerettane er godt eigna for fluge og slukfiske, er lett tilgjengelege og ligg i ein variert og fin natur.
- Parkering, nedkjørsle og fiskesoner er godt skilta.
- Det er lagt stor vekt på rydding og pleie av vegetasjon langs og ved elva, på alle fiskrettane.
Â
Område 1: Osfossen
|
- Fiskeretten til Harald og Unni Lervik under Osfossen er ein av Noregs beste lakserettar og kan vise til gode og stabile fangstar gjennom heile sesongen på ulik vasstand.
- Fisketida er frå 1.juni til 15.september.
- For perioden 2002 - 2008 vart det tatt 193 - 383 303 - 449 - 422 - 175 og 260 laks dei ulike åra.
- Mykje av laksen blir tatt på fluge, men ein kan også fiske med sluk. Markfiske er forbode
|
- Osfossen er ei fantastisk naturperle, godt skjerma for innsyn. 10 minutt frå Førde lufthamn.
- Retten er lettfiska og ein kan fiske både frå land og båt. Motfiske er ikkje noko problem grunna brei elv og gode fiskeordningar.
- Retten vert påverka av flo og fjære.
- FabelAktiv og familien Lervik sine kundar under Osfossen bidrar årleg med rundt ein million kroner til Norsk Villaksfond sitt arbeide i Gaula og Nausta.
|
Bildegalleri
Klikk på eit bilde for å sjå større utgave.
|
Â
Område 2:
- Startar ved bru på oppsida av Osfossen og går seks hundre meter oppover, på begge sider av elva.
- I eit år med normal snøsmelting startar fiske på område 2 i siste halvdel av juni.
- Grunneigarar er Harald Lervik og Per Karstein Wahl.
- Elva er sakteflytande på nedre del av rettane, mens øvre del er ein fin flugestrøm med ei djuprenne på sørsida av elva. Ein kan fiske både frå land og båt.
- På retten er det fire stenger, to på kvar side av elva.
- Ein kan fiske både med fluge og sluk.
|
Nedre del av område 2, sett frå bru ved Osfossen. Foto: Jon Petrusson
|
Mitre del av område 2. Foto: Jon Petrusson
|
Øvre del av område 2. Foto: Jon Petrusson
|
Â
Område 3:
- Startar på sørsida av elva ved Døskelandlia Camping og går ca.2.5 kilometer oppover elva til Sandafossen.
- I eit år med normal snøsmelting startar fiske på område 3 rundt 10.juli.
- Grunneigar er Ingrid Døskeland.
- Området er variert med mange gode fiskeplassar for flugefiske på ulik vasstand.
- PÃ¥ retten er det fire utleigestenger og ei stong som vert disponert av grunneigar.
- Ein kan fiske med fluge og sluk.
|
Fiske under Sandafossen. Foto: Kristine Folland
|
Naturperle:
- Naturmessig er det eit av Gaular`s flottaste område, samtidig som det ligg nær vegen.
- Øvre del av fiskeretten ved Sandafossen er i tillegg til å være god fiskeplass eit unikt naturområde, som må opplevast. Fin fiskehytte med eit velstelt uteområde.
- Hytta har fire køyar med madrass, for overnatting i sovepose. Kokeplate på gass og det mest nødvendige av kjøkkenutstyr.
- Frå parkeringsplass til hytta er det 5 minutt å gå.
|

Fiske under Sandafossen, på høg vannstand. Foto: Jon Petrusson
|
Bildegalleri
Klikk på eit bilde for å sjå større utgave.
Â
Område 4:
|
- Startar på oppsida av kommunesenteret Sande, på nedsida av brua på Selstad. Område er delt i to fiskesoner. Ein kan fiske med fluge og sluk.
- I eit år med normal snøsmelting startar fiske på område 4 rundt 1.august.
- Fiskeretten til Willy Bergesen og Jostein Skagen er ca. 500 meter. Øvre del av retten ligg på nordsida og nedre del på sørsida av elva. Tre utleigestenger og ei stong son vert disonert av grunneigar.
- Fiskeretten til Torbjørn Thue ligg på sørsida av elva, er ca. 500 meter og har to utleigestenger.
|
- Området har mange gode og variert fiskeplassar som fungerer godt på ulike vasstandar.
- Naturmessig er det eit av Gaulars flottaste område for laksefiske, då ein fiskar i eit av Sunnfjord`s finaste kulturlandskap.
- Frå brua på Selstad kan du studere storlaksen på vei opp til Gaular`s beste gyteområde.
- Fiskehytte for fiskerettane er under planlegging.
- Fiskeguide Helge Skagen kjenner område 4 svært godt, då han bur i nærområdet.
|
Bildegalleri
Klikk på eit bilde for å sjå større utgave.
|
|