|
I Gaularvassdraget som er varigt verna for kraftutbygging er det fem flotte fossar i den lakseførande delen av vassdraget. Dette er mektige fossar som vi anbefaler at våre kundar får opplev når dei er i Gaular for å fiske laks. Fossane er lett synlege frå riksvegen.
Osfossen
- Osfossen ligg 500 meter frå sjøen. Området under fossen er i inn og utland kjent som eit av Noregs beste område for laksefiske.
- Laksetrappa på sørsida i Osfossen er den eldste kuletrappa i landet og den tredje eldste i verda. Den har 17 trinn og ein høgdeforskjell på 11 meter.
- William T Potts frå Correen i Castle i Irland var initativtakar til trappa som stod ferdig i 1871.
- Laksetrappa er ein stor turistattraksjon, der du kan studere laksen i dei mange kulpane.
- I 2005 vart der sett opp lakseteljar og videoovervaking i trappa. I fiskesesongen blir oppgangen av laks i trappa registrert dagleg og notert på ei oppslagstavle rett ved parkeringsplassen oppå fossen.
- I eit år med normal snøsmelting startar fiske på oppsida av Osfossen rundt 20. juni.
|
|
Osfossen mot Lerviksida. Foto: Jon Petrusson
|

Midnatt ved Osfossen. Foto: Jon Petrusson
|

Område under Osfossen. Foto: Jon Petrusson
|

Område ved laksetrappa. Foto Jon Petrusson.
|

Lakseteljar med videoovervaking. Foto: Jon Petrusson.
|
Rekvikfossen
- Den andre naturperla, Rekvikfossen, ligg ca. 4 kilometer oppe i elva.
- På sørsida av elva kan du parkere ved Rekvikfossen og nyte synet av denne mektige fossen.
- Heile Rekvikfossen er freda for alt fiske.
- I eit år med normal snøsmelting startar fiske på oppsida av Rekvikfossen i byrjinga av juli.
|

Rekvikfossen. Foto: Jon Petrusson
|
Alværfossen
- Den tredje naturperla, Alværfossen, ligg ca.6.5 kilometer oppe i elva.
- På brua over elva ved Døskeland Bruk kan du sjå det øvre partiet av fossen.
- Deler av Alværfossen er freda for fiske.
- I eit år med normal snøsmelting startar fiske på oppsida av Alværfossen rundt 10.juli.
|

Alværfossen. Foto: Jon Petrusson
|
Sandafossen
- Den fjerde naturperla, Sandafossen, ligg ca.9 kilometer oppe i elva.
- Frå vegen på sørsida av elva kan du sjå nedre del av fossen på nokre hundre meters avstand.
- Det meste av den langstrakte Sandafossen er freda for alt fiske.
- Området under Sandafossen er ei skjerma naturperle og ein svært god fiskeplass for flugefiske.
- I eit normalår startar fiske på oppsida av Sandafossen rundt 1.august.
|

Øvre del av Sandafossen. Foto: Jon Petrusson
|
Fossfossen
- Den femte naturperla, Fossfossen, ligg 15 kilometer oppe i elva der laksen stoppar.
- Frå vegen på nordsida av fossen kan du frå orkesterplass studere denne storslåtte fossen.
- Dei første laksane vert i eit normalår fiska under Fossfossen rundt 1.august
- Området under og på nedsida av Fossfossen vert rekna som ein god fiskeplass.
|

Fossfossen. Foto: Jon Petrusson
|
Â
|