Kjenneteikn Skriv ut E-post
Gaula:
  • Gaula i Sunnfjord med utløp innerst i Dalsfjorden er lakseførande i 15 kilometer.
  • Elva ligg i Gaular kommune, 20 kilometer sør for Førde og 10 minutt frÃ¥ Førde Lufthamn.
  • Osfossen er i inn- og utland kjend som ein av Noregs best fiskeplassar for laksefiske.
  • Gaula med sine mange gode og varierte fiskeplassar er kjend som ei attraktiv elv for flugefiske.
  • Gaula er ei av fylkes beste lakseelvar med fangstvolum laks i perioden 2000 – 2009 på 2.7, 2.6, 1.5, 2.4, 2.0, 4.1, 3.7, 2.3, 2.1 og 1.9 tonn.

  • Oppdrettslaks er eit lite problem, dÃ¥ det meste av oppdrettslaken vert utplukka i laksetrappa i Osfossen.
  • Gaula vart i 1993 varig verna for kraftutbygging, etter ein langvarig og bitter vernekamp på 20 Ã¥r.
  • Gaula som eit av Noregs flottaste vassdrag renn gjennom eit jordbruksomrÃ¥de og er omkransa av ein variert og fin natur.
  • Gaula har ein stabil og god vasstand grunna smeltevatn frå store høgfjellsomrÃ¥de, Jostedalsbreen og store vatn som Haukedalsvatnet og Viksdalsvatnet.
  • Den største laksen som er fiska i Gaula er ca.25.00 kilo og vart fiska under Osfossen.