Kjenneteikn Skriv ut E-post
Storlakselv:
  • Jølstra er lakseførande i 5 kilometer og renn gjennom småbyen Førde, i fin vestlandsnatur.
  • Jølstra er ei av Noregs finaste lakse- og sjøaureelvar for flugefiske og vart tidleg kjend både i inn og utland som ei eksklusiv storlakselv.
  • Jølstra har ein stabil og god vasstand det meste av sommaren, pga. av Jølstravatnets (3 mil) gode tilførsel av smeltevatn frå Grovabreen og Jostedalsbreen.
Fiskesjukdom:
  • Hausten 2006 vart fiskesjukdommen PKD oppdaga av NINA i Jølstra. Sjukdommen slår ut når temperaturen i elva overstig 15 grader over ein lenger periode.
  • Sjukdommen angrip nyra på yngel og småfisk og vil i enkelte år kunne føre til redusert ungfiskbestand.
  • PKD er tidlegare oppdaga kun i to norske elvar, så ein har liten kunnskap om sjukdommen.
Brulandsfossen Kraftstasjon:
  • Lakse- og sjøaurestammen i Jølstra har som i mange andre norske elvar blitt påført skadar som følje av kraftutbygging.
  • Ein stor tilbakegang i laksestammen pga. problem i  Brulandsfossen kraftstasjon, medførte at Jølstra var stengd for alt fiske frå 1993 og i tre år.
  • Jølstra vart opna for flugefiske etter sjøaure i 1996 og for eit forsiktig laksefiske i 2003, men var pånytt stengd for laksefiske i 2008.
  • Grunna problema med kraftutbygging har Jølstra dei siste åra vorte kultivert med smolt, startfora yngel og augerogn.