Prestegardsrettane Skriv ut E-post
Gratis fiske på Prestegardsrettane i Jølstra

FabelAktiv samarbeider med Opplysningsvesenets Fond og Førde Kommune om å utvikle Prestegardsrettane i Jølstra til eit attraktivt fiske- og rekreasjonsområde for innbyggarane i Førdeområdet. Tiltaket vert støtta økonomisk av Sunnfjord Energi.

FabelAktiv prioriterer god tilgang til fiske for born og ungdom, for å auke rekrutteringa av sportsfiskarar i Førde område.

Gratis Fiske

For personar under 18 år i perioden 10.juli til 31.august.

For personar over 18 år når dei fiskar i lag med ein person under 18 år.

Personar over 18 år som fiskar åleine betaler kr.180,- kvart stongdøgn.

Gratis utlån av fiskeutstyr til alle under 18 års, som ikkje har eige fiskeutstyr.

Fiskesoner

Sone P1. Startar ved utløpet av Anga og går ned til gangbrua. Tre stenger.

Sone P2. Startar ved gangbrua og går ned til Langebrua. To stenger.

Opplæring i flugefiske

For dei som ynskjer opplæring i flugefiske, blir det arrangert treningskveldar.

Påmelding til Atle Frøysland på telefon 91 61 18 46 eller epost

Treningskveldane og lån av fiskeutstyr er gratis.

 

Fiskeføreskrifter (utdrag)

Fiskesesong frå 10.juli til 31.august. Døgnfreding frå 06.00 til 20.00.

Alle som skal fiske på Prestegardsrettane, må ha fiskekort. Saman med fiskekort får ein utdelt fiskeføreskrifter.

For fiskekort, kontakt Atle Frøysland på telefon 91 61 18 46 eller e-post

Personleg døgnkvote på avliving av 2 sjøaure. Minstemål på avliva fisk er 35 cm.

Villaksen er freda og må setjast tilbake i elva. Oppdrettsfisk skal avlivast.

Lovleg fiskereiskap er kunn flugefiske med flugestong, for alle over 18 år.

For personar under 18 år er det kunn flugefiske med flugestong på sone P1, mens ein på sone P2 kan fiske med slukstong, dupp og fluge.

Alle som fiskar pliktar å føre fangstrapport og take skjelprøver av all avliva fisk.

Yngre og uerfarne personar skal alltid fiske saman  med ein erfaren fiskar. Ein oppfordrar også til bruk av redningsvest og bruk av briller for å hindre at ein får flugekroken i auge.

 

Jolstra_Fiskesone5
Sone P1. Foto Terje Rygg.
fiskesonerh5
Sone P2. Foto Terje Rygg.
P2_Jolstra
Nina med trekilos laks 1.juli 2007. Foto Olav Johan Ã…rskaug.

 

Fiskeavgift til staten må betalast av alle som har fylt 16 år, før fiskestart.

Skitt fiske

 

Sponsor Sunnfjord Energi AS 

Sunnfjord Energi er sponsor for prosjektet.

Â