Føremål Skriv ut E-post

FabelAktiv har som føremål å formidle og tilrettelegge pakkeløysingar av fiske, jakt og naturopplevingar av høg kvalitet, for grunneigarar til ulike kundegrupper tilpassa individuelle behov og ynskje.

FabelAktiv har som mål å utvikle eit landsdekkande nettverk med tilbydarar av laks- og sjøaurefiske i 8 – 10 norske elvar. I tillegg skal vi tilby aurefiske, isfiske, sjøfiske, storviltjakt, småviltjakt og ferieopphald til våre kundar.

 

Tidlig krøkast den som god fiskar skal bli. Fisketur saman med Ivar(bror) i 1968. Foto: Bjarne Myklebust
Tidlig krøkast den som god fiskar skal bli. Fisketur saman med Ivar(bror) i 1968. Foto: Bjarne Myklebust
FabelAktiv si målsetting er å være din totalleverandør og koordinator for alt det du treng innan fiske, jakt og naturopplevingar. Saman med FabelAktiv kan du skreddarsy fiske- og jaktturar til ulike område av Noreg tilpassa dine individuelle ynskje og behov.

FabelAktiv sine tre utleigemodellar og kvalitetsstandard, tilrettelagt av lokale og entusiastiske fiskarar og jegerar skal sikre deg ein vellykka tur.

FabelAktiv si heimeside inneheld informasjon om dei fiske- og jakttilbod som vi kan tilby i dag.

For meir informasjon, kontakt underteikna på telefon 91 61 18 46 eller e-post


Med vennleg helsing

Image

 

 

Atle Frøysland