Kontakt: Atle Frøysland,
tlf. +47 916 11 846
epost

Andre aktivitetar Skriv ut E-post

Aktiviteter I

 

Luftkampmuseet
  • Film og ulike gjenstandar frå det største luftslaget i Noreg under andre verdenskrig 9. februar 1945.
  • Museet er i lokala til Helga`s Tradisjonsmat, gardsmatutsal, 5 kilometer vest for Naustdal rett ved staden for luftslaget.
Sunnfjord Museum
  • 20 kilometer aust for Førde, ved Movatnet på veg mot Jølster.
  • Hovudmuseum for Sunnfjord. Museet har ulike utstillingar, aktivitetar og personleg guiding, Levande dyr og aktivitetar for barn.
  • Frå museet kan ein gå på museet sin kultur- og natursti, Mostien til den kjende Huldrefossen.
  • Museet har kafe og butikk.
Astruptunet
  • På sørsida av Jølstravatnet, 30 kilometer frå Førde.
  • Heimen og småbruket til den kjende målaren Nikolai Astrup.
  • Galleri og museum med utstillingar av Astrup sine måleri, grafikk, skisser og tresnittplater.
  • I kafeen er det servering av rømmegraut og sal av reproduksjonar og litteratur.
Eikaasgalleriet
  • På nordsida av Jølstravatnet, 30 kilometer frå Førde.
  • Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt største gallri. Vart etablert  med bakgrunn i kunstsamling som Ludvig Eikaas gav til Jølster kommune.
  • Eikaas er kjend som den første som laga nonfigurativ kunst i Noreg.
  • Galleriet har ei brei Eiksas utstilling saman med jamlege gjesteutstillingar.
  • Kafe med sal av kunst.
Fossestien
  • Merka og tilrettelagt sti på 22 kilometer frå Gaularfjellet til Viksdalen langs det verna Gaularvassdraget.
  • På strekninga er det 14 større fossar og 7 vatn.
  • Du får nærleik til elva, til stryk og fossar i eit varierande og flott landskap.

 

Aktiviteter II

 

Jølster Rafting
  • Rafting i to elvar. Stardalselva som er ei nybegynnarelv og Jølstra som er ei av Skandinavias beste raftingelvar.
Glacier Team
  • Guida breturar og unike naturopplevingar saman med den erfarne breførar Jarle Helgheim.
  • FabelAktiv anbefaler i tillegg Helgheim sitt lysbilde- foredrag om naturen i Jølster og Jostedalsbreen.
  • Kjøp også boka til Helgeheim. "Jølster – Bygda og Breen".
Sunnfjord Golfklubb
  • Vassenden i Jølster, 20 kilometer frå Førde.
  • Bana er ein ni hols par 70 bane, lengde 4510 meter.
Klatring
  • Geir Ståle Kalland er ein aktiv friluftsinteressert Naustedøl som tilrettelegg for ulike klatreaktivitetar i Naustdal.
  • Grunninnføring i klatring.
  • Vandring og klatring i ulik i fossejuv, tilpassa barn og vaksne.
  • Klatring og rappelering i ferdigbolta ruter.
  • Luftige fjellturar.
Norsk Bremuseum i Fjærland
  • Føremålet med Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om snø, is og brear.
  • Bremuset syner samspelet i naturen mellom natur og menneske gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is.
  • På bremuseet kan du sjå Ivo Caprino sin panoramafilm ”Jostedalsbreen-den største breen på fastlandet i Europa”.
Svanøya
  • Sunnfjords perle Svanøya ligg rett sør for Florø ved innseglinga til Førdefjorden.
  • Johan Trygve Solheim som er daglegleiar for Svanøy stiftelse, stiftelsen Norsk Hjortesenter og stiftelsen Svanøy hus, kan ta deg med på ein opplevelsesrik rundtur til Svanøy Hovedgaard. Bygt på 1600 talet som hovudsete for Sunnfjord-området.
  • Norsk hjortesenter. Nasjonalt kompetansesenter for hjort.
  • Svanøy Herregård. Sal av røyke- og gravlaks.