Transport til og på Altevatnet
Bil
- På flyplassen vert du møtt av ein representant frå Fjellguiden Altevatn og frakta til Altevatn for vidare transport.
- Alternativt på Bardufosstun, 5 minuttar frå flyplassen, i tilfelle du har behov for overnatting før avreise til jaktterrenget.
- Frå Bardufoss lufthamn til Altevatn er det 45 kilometer. Med bil tar det ca. ein time.
Båt på Altevatn
- Altevatnet er nesten 5 mil langt, regulert vatn, med mange lumske grunnar og til tider hardt vær.
- Lokalkunnskap om vatnet og værforhold er derfor svært viktig for å ferdast trygt på vatnet.
- Fjellguiden Altevatn sin 22 fot Buster Magnum med motor på 200 hk. er veleigna for transport på vatnet.
- Med Fjellguiden sin båt kan ein på tross av mykje kvasse steinar, setje våre kundar i land kvar som helst lang den 11 mil lange strandlinja rundt vatnet
- Båten er godkjent for inntil 8 personar. Om bord er redningsvestar og ein redningsflåte.
- Frå båthavna til Ostu som er båtplass for hytta på Leina er det 39 kilometer. Turen tar ca.35 minutt med fire personar og normal last, ved gode værforhold.
- Til Garnas på innenden av Altevatn er det 48 kilometer og turen tar ca.45 minutt.
- Utanfor GSM dekning kan Fjellguidens kundar benytte båtens satelittelefon.
Båtar på Leinavatn
- Fjellguiden Altevatn har to spesiallaga 17 fots aluminium båtar med 40 hk motor på Leinavatn.
- Tilgangen til dei to båtane gir ein stor fleksibilitet og hurtig transport til ulike område på vatnet.
- Spesielt er dette viktig i samband med tilgang til og val av jaktterreng om hausten.
Snøscooter
- Fjellguiden tilbyr snøcootertransport langs løypenettet på Altevatn og til parkeringsplass for hytta til Statsskog på Leina. Turen tar ca. ein time under gode forhold.
- Av snøscooterar blir brukt Lyngs Yeti 800 4-takt.
- Ein avpassar antall snøscooterar og kjelkar etter antall personar, hundar og bagasje.
- Hjelm, briller og scooterdress inngår i leiga.
- Grunna låge temperaturar er det svært viktig med varme og rette klede. Sjå forslag til utstyrsliste.
- Utanfor GSM dekning kan Fjellguidens kundar benytte seg av båtens satelittelefon.
|

Båthamna ved Atltevatn. Foto Ragnar Boifot

Pakking av båt ved brygga.

Ein av båtane til Fjellguiden Altevatn.

På skutertur til Sverige.
|
|