Fjellguiden Altevatn
|
Fjellguiden Altevatn føres vidare etter at firmaets eigar Thor Pedersen omkom ved Altevatn sommaren 2009. Saman med Maria Bell Pedersen, Thor Pedersens kone har Kjell Hanstad etablert Fjellguiden Altevatn AS.
- Det er ikkje tilfeldig at eg ynskjer at Kjell Hanstad skulle føre Fjellguiden vidare. Han har ein bakgrunn som gjer at Fjellguiden vil bli utvikla i ein retning som eg veit Thor hadde ynskt, seier Maria Bell Pedersen.
Fjellguiden vil bli vidareført med same filosofi som Thor dreiv etter. Vi skal ha høg fokus på kvalitet i alt vi driv innanfor villmarksopplevingar i områda rundt Altevatn og Leina i Indre Troms. Thor hadde knytta til seg ei rekke fiske-, jakt- og villmarksguidar. Alle har sagt ja til å vere med vidare, seier Maria Bell Pedersen.
FabelAktiv ynskjer å bidra til at Fjellguiden blir vidareført. Atle Frøysland og fleire av FabelAktiv sine kundar hadde gleda av å bli kjend med Thor Pedersen gjennom jaktturar på Leina. Med bakgrunn i eigne erfaringar over fleire år og tilbakemeldingar frå alle våre kundar kan Thor best beskrivast slik. Thor hadde ein unik stå-på-vilje, serviceinnstilling, kompetanse og var alltid i godt humør. Ein einar i bransjen.
Kjell Hanstad
- Kjell er født i Bardu i 1953. Sambuar med Regina og samla har dei fire barn og barnebarn.
- Jakt og fiske har alltid vore Kjell sin store interesse. Som aktiv friluftsmann har Kjell fleire lange turar bak seg. Den siste gjekk frå Lindesnes til Nordkapp, saman med Regina vinteren 2009. Hovudsponsor var Fjellguiden ved Tor Pedersen. Les om turen på mobakke.net
- Kjell er også ein av dei få som har overlevd snøskred der han i 2008 låg i over ein time under snøen før han var greven fram. motbakke.net
- Kjell er utdanna frå Krigsskulen og forsvarets høgskule sitt hovudkurs. Har vore kompanisjef i Brigaden i Nord-Norge, instruktør i hærens stabsskule, stabssjef for Setermoen garnison og sjef for operasjonsstøtte i hærens styrker.
- Rådmann i Bardu kommune frå 2005 til 2008.
|

Leina
Kjell Hanstad
|
Olav Voigt
- Olav er født i 1946 i Bodø og flytta til Bardufoss i 1965. Gift med Aud. Tre barn.
- Olav er ansvarleg for tilrettelegging av småviltjakta i Målseelv og Dividalen-området.
- Olav har vore avdelingssjef i 38 år på ulike nivå innan forvaret.
- I 1991 starta han med sal av våpen og i 2001 eigen sportsbutikk innan fiske, jakt og friluftsliv.
- Personleg tilpassing av hagle og prøveskyting i samband med våpenkjøp er ein av Olav sine spesialitetar.
- Olav er utdanna skyteinstruktør innan rifle og hagle og kan i førekant av jaktstarten tilby skyteinstruksjon.
|

Olav Voigt, Voigts jakt og fiske. Foto Atle Frøysland.
|
|