Kjenneteikn Skriv ut E-post
Nausta, med utløp i Førdefjorden, er lakseførande i 12 kilometer. Elva ligg i Naustdal kommune 13 kilometer vest for Førde og 35 minutt frå Førde Lufthamn. Nausta som eit av Noregs flottaste vassdrag, renn gjennom eit jordbruksområde og er omkransa av ein variert og fin natur. Området under Naustdalsfossen er kjent som ein av Noregs beste fiskeplassar for laksefiske. Nausta vart i 2005 varig verna etter ein kortare vernekamp.
  • Nausta er ei typisk smÃ¥lakselv, med eit godt innslag av mellomlaks.
  • Oppdrettslaks er eit svært lite problem.
  • Elva er ei typisk flomelv, der vasstanden kan variere mykje pÃ¥ kort tid.
  • Nausta er kjent som ei spennande elv for einhands flugefiske.
  • Den største laksen (holaks) fiska i Nausta er 23.5 kilo og vart fiska av Trygve Kleiva i 1937.
  • Nausta har i mange Ã¥r vore den beste lakseelva i Sogn og Fjordane. 
  • MÃ¥lt i tal laks pr. meter lakseførande elv vert Nausta rekna som ei av Noregs beste lakseelvar.
Naustdalsfossen med Friis- og Klevenretten på flo sjø. Foto Terje Rygg.
Naustdalsfossen med Friis- og Klevenretten på flo sjø. Foto Terje Rygg.