FabelAktiv

Kontakt: Atle Frøysland,
tlf. +47 916 11 846
epost

320 villaks i Osfossen Skriv ut E-post
søndag 22. august 2010 00:00

Nyheit_Osfossen0122.august er det tatt 320 villaks i Osfossen på fiskeretten som vert formidla av FabelAktiv. Største laksen er på 18 kilo. I 2009 169 laks for heile sesongen. 

Laksefiske i Osfossen har i 2010 utvikla seg til eit eventyr, mot det ein kunne forvente etter det dårlege fiske i 2009. 

Det mest positive er det gode innsig av einsjøvintra smålaks, fordelt på vektklassane 1.0 – 1.2 og 1.6 – 2.0 kilo. Den største smålaksen er dominerande og i fin kondisjon. Dette kan tyde på at dei to ulike vektklassane av smålaks har beita i to ulike havområde. Det er også eit godt innslag av små tosjøvintra laks i svært god kondisjon, frå 2.5 til 3.5 kilo og større mellomlaks frå 4.5 til 5 kilo. Innslaget av storlaks over 7 kilo er normalt

Fiske med fluge og sluk føregår utan mot mothakar, noko som vert tatt godt imot av våre kundar. Markfiske er forbode. All laks over 2.5 kilo som ikkje er skada, vert sett tilbake i elva eller har gått til klekkeriet.  Personleg døgnkvote på avliving av ein smålaks med vekt på inntil 2.5 kilo. Inkludert smålaksen er 75 % av laksen sett tilbake i elva.     

Innslaget av oppdrettslaks har auka mykje dei siste vekene. Lusepåslaget har sidan byrjinga av juli vore på eit  katastrofalt høgt nivå. All laks har svært mykje holus med eggledarar og mykje små lus på hovudet. For sjøauren må dette vere eit stort problem.

Frå Nausta vert det meldt om godt med smålaks og vesentleg mindre med lakselus.