FabelAktiv

Kontakt: Atle Frøysland,
tlf. +47 916 11 846
epost

Meir laks i Nausta og Gaula i Sunnfjord Skriv ut E-post
onsdag 30. september 2009 16:31

NAUSTDAL_no39Nausta og Gaula i Sunnfjord kan vise til ein positiv utvikling i 2009. Eit jamt innsig av laks gjennom heile sesongen er svært gledeleg, når ein veit at dei fleste andre norske elvar har hatt ein elendig sesong. Den positive utviklinga for dei to Sunnfjord elvane, skuldast truleg det restriktive forvaltningsregimet i dei to elvane.

I Nausta er det effekten av kultivering med augerogn på oppsida av den lakseførande strekninga som ein byrjar å sjå resultatet av. Innslaget av smålaks i fangstane stadfestar dette. Den positive utviklinga for mellom- og storlaks i vassdraget er eit resultat av innføring av samlekvote for heile elva på avliving av kunn 100 laks over 2.5 kilo. Effekten av dette er todelt. Den naturlege produksjonen i elva aukar gjennom ein større gytestamma i elva, samtidig som meir  stor laks vandrar ut av elva etter gytinga og kjem tilbake som større laks året etter.

I Gaula kan den positive utvikling ikkje tilskrivast kultivering, då elva ikkje har vore kultivert på fleire år. Dette ser ein gjennom eit mindre innslag av smålaks i fangstane, enn det som er tilfelle for Nausta. Kultiveringsarbeidet i Gaula var start opp på nytt i 2009 med utlegging av augerogn i sideelvane. Resultatet av dette arbeidet har ein store forventingar til, då effekten av kultivering av sideelevane tidlegare har gitt svært gode resultat. Utviklinga for mellom- og storlaks i Gaula viser same trenden som for Nausta. Ei samlekvote for heile elva på avliving av kunn 100 laks over 2.5 kilo gir som for Nausta gode resultat.

Målsettinga for Nausta og Gaula er å utvikle dei to elvane til å bli blant Noregs beste lakselvar. For å nå dette målet vil det restriktive forvaltningsregimet i dei to elvane fortsette og bli vidareutvika. Tanken er at dette skal gjerst gjennom økonomisk og fagleg støtte frå FabelAktiv sitt dotterselskap Norsk Villaksforvaltning AS. Informasjon om dette arbeidet vil bli utlagt på heimesida seinare.

FabelAktiv vil få rette ei stor takk til eigne og andre kundar i Nausta og Gaula, lokale fiskarar og grunneigarar, for den gode haldninga som er vist i 2009, gjennom at ein i fellesskap har støtta lojalt opp om dei restriktive forvaltningstiltak.