| Gratis fiske for barn og ungdom i Jølstra |
|
|
| onsdag 22. juli 2009 09:01 |
|
FabelAktiv har saman med sponsorane Sparebanken Sogn og Fjordane og Sunnfjord Energi sett i verk tiltaket for å auke rekrutteringa av sportsfiskarar i Førde området. I perioden 10 juli til 31 august er det gratis fiske på Prestegardsrettane i Jølstra for barn og ungdom under 18 år. Personar over 18 år fiskar også gratis når dei fiskar saman med ein person under 18 år. Det er satt av 23 dagar med fem stenger kvar dag. Totalt 115 stongdøgn. Alles om fiskar gratis må ha fiskekort. Dette får ein ved å kontakte Førde Sport på telefon 57 72 51 50, eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen . Det er gratis utlån av stenger. Jølstra er kun opna for flugefiske med flugestong. På nedre delen av Prestegardsrettane, er det opna for fiske med slukstong, dupp og fluge for personar undr 18 år. Fiskedøgnet er frå 18.00 til 06.00 med døgnfreding frå 06.00 til 18.00. Det er opna kun for fiske etter sjøaure, med ein personleg døgnkvote på to sjøaurar kvart stongdøgn. Laksen er freda og må setjast tilbake i elva. Meir info om Jølstra |


