Kontakt: Atle Frøysland,
tlf. +47 916 11 846
epost

Turar Skriv ut E-post

ImageDet er utarbeid eige turkart for Haukedalen, med forslag til mange fine fotturar. Statens kartverk. Bestillingsr.237.

Sogn og Fjordane Turlag si bok Opptur 267 fotturar i Sogn og Fjordane omhandlar fleire fjellturar i Haukedalen. Utgitt på Selja Forlag.

Haukedalen eignar seg godt for bær og soppturar i lett skogsterreng.
Stølsturar i lett turterreng er veleigna som familieturar.
Fjellturar på merka stiar, til mange av fine fjelltoppar frå 1000 til 1300 moh.
Breturar på Grovabreen og Jostefonn på enden av Jostedalsbreen med kjentmann/breførar.
Som turguide anbefaler ein Kjell Olav Kusslid, som til dagleg er sauebonde på Grøneng i Haukedalen. Betre guide får ein ikkje.

Årskaugstølen

 

Turen går på fin skogsvei/sti til Årskaugstølen, tar 45 minutt.
Stølen ligg 604 moh. i storslått natur med fantastisk utsikt over fjella i Haukedalen.
På Årskaugheia kan ein fiske i tre vatn. Den beste fisketida er frå rundt 10.juli og ut september. Fjellauren er av vekslande kvalitet og ikkje så stor.
I Årskaugsstølsvatnet har ein tilgang til båt etter avtale. 15 og 30 minutt frå stølen ligg Tjønna og Langevatnet, der ein kan fiske frå land.
Frå Årskugstølen kan ein gå utover på Årskaugheia og ned til Vikum på vestenden av Haukedalsvatnet. Ein tur som tar ein og ein halv time.
Vil ein gå ein lenger fjelltur, kan ein gå frå Årskaugstølen opp til Årskaugsstølsbotnen og bortover på fjella mellom Haukedalen og Gaularfjellet.
Atle på vei til stølen.
Atle på vei til stølen.
Halve vegen til stølen er unnagjort. Utsikt til Grøneng.
Halve vegen til stølen er unnagjort. Utsikt til Grøneng.

Steinar Frøysland på Nonsåta. Utsiktpunkt på vei til stølen.
Steinar Frøysland på Nonsåta. Utsiktpunkt på vei til stølen.
Frå Nonsota med utsikt mot Årskaugstølen.
Frå Nonsota med utsikt mot Årskaugstølen (1).

Årskaugstølsvatnet mot aust.
Årskaugstølsvatnet mot aust.
Fiske på Årskaugstølsvatnet.
Fiske på Årskaugstølsvatnet.

Selet til Ivar Frøysland på Årskaugsstølen.
Selet til Ivar Frøysland på Årskaugsstølen.
Årskaugstølen

Gjerland og Nes

 

Knoltren og Vassfjellet
Frå parkeringsplassen (1) ved Reineelva er det kort veg på skogsbilveg til Frøyslandsstølane (2). Bakkestølen (3). Reinestølen (4).
Den gamle ferdselsvegen frå Haukedalen til Jølster gjennom Skryklingen (5) til Skryklsvatnet 846 moh. er ein lett tur på ein time og 20 minutt. Om ein ynskjer det an ein fortsette turen til Jølster, men då må ein ha bilskyss tilbake til Haukedalen.
Turen på Knoltren (6) 1299 moh. er ein middels lett fjelltur, på ein og einhalv time. Frå Knoltren kan ein gå vidare til Tverrfjellet 1415 moh. mellom Haukedalen og Jølster.
Turen til Dalevatnet (7) 833 moh er ein lett tur på ein time på fin sti langs Reineelva.
Frå Dalevatnet er det bratt stigning til Vassfjellet (8) 1240 moh. Derifrå kan ein gå vidare til Søthaugsfjellet 1483 moh. mellom Haukedalen og Jølster.

Gjerland. Foto Jon Petrusson
Gjerland. Foto Jon Petrusson
Gjerlandsheia
Turen frå Gjerland til Gjerlandsstølen (1) og vidare til Gjerlandsheia (2) 1036 moh. er ein middels lett tur på ein og ein halv time, med flott utsikt over Gjerland og Årskaug.
Frå Gjerlandsheia kan ein gå vidare til Ramnenipa 1190 moh, forbi Nesisvatnet, til Nesfjellet/Blånipa 1207 moh. og tilbake til Nesstølen (3), sjå neste bilde.
Gjerlandsdalen. Foto. Jon Petrusson
Gjerlandsdalen. Foto. Jon Petrusson
Nesstølen og Blånipa
Frå Nes til til Nesstølen (1) kan ein velje mellom å gå på den gamle stølsstien eller skogsbilveg, sjå forgåande bilde. Turen tar 30 minuttar.
Frå Nesstølen kan ein gå vidare til Nesfjellet/Blånipa (2) 1207 moh. forbi Nesisvatnet og til Ramnenipa (3) 1190 moh. Tilbaketuren legg ein over Gjerlandsheia (4)
Frå Nesfjellet/Blånipa kan ein også gå vestover og ned til Hårklau (5) og få ei fantastisk utsikt over Haukedalen vestover.
Nes. Foto. Jon Petrusson.
Nes. Foto. Jon Petrusson.
Image Image

Turar frå Frøysland

 

Kabusen
Turen frå Frøysland på Kabusen (1) 980 moh. er ein studie av Haukedalen frå orkesterplass. Turen tar ein time og tretti minutt på god sti med bratt stigning.
Tilbaketuren kan ein legge via Fjellstølane (2) over Rimma (3) 1111 moh. og gå ned til Dalevatnet (4) og tilbake gjennom Reinedalen.
Frå Kabusen (1) 980 mon. kan ein gå vidare til Høgefjellet (5) 1158 moh. og gå ned til Grønengstølsvatnet (6) og følge grusvegen tilbake til Grøneng.

Image
Skarnova og Middagsholten
Frå Frøysland er det bratt oppstigning til Skarnova (1) 1152 moh. på fin sti langs tverrelva til Frøyslandsbotnen. Turen tar ein time og førtifem minuttar.
Usika frå Skarnova over Haukedalen og til Grovabreen er åleine verdt turen.
Frå Skarnova, kan ein gå vidare til Middagsholten (2) 1357 moh. og gå ned til Myrestølen (3) og til Myra (4) på Grøneng.
Middagsholten på Grøneng med Skarnova til høgre. Foto. Jon Petrusson.
Middagsholten på Grøneng med Skarnova til høgre. Foto. Jon Petrusson.
Image Image

Turar frå Grøneng

 

Jostefonn
Jostefonn på enden av Jostedalsbreen med oppstigning frå Grøning gjennom Breiebotnen og til Såta (1) 1311 moh. til toppen av Jostefonn (2)1615 moh. er eit mine for livet.
Ei fantastisk utsikt over heile Haukedalen og til Grønengsdalen. Til fjella i Jotunheimen, til Sognefjorden og i klart ver ser ein helt ut til Nordsjøen.
Turen tar rundt fire timar.
Atle på Nonsåta. Foto. Jon Petrusson
Atle på Nonsåta. Foto. Jon Petrusson
Grønengsdalen
Frå Grøneng går ein grusvegen til Grønengstølsvatnet 520 moh. og leiger båt over vatnet til Grønengsstølen (3). Sjå bilde ein.
Frå Grønengsstølen (1) går ein vidare innover Grønengsdalen, langs brusande elvar og fem vatn til Kinneklypet ved femtevatnet.
Turen til Grønengstølsvatnet tar 25 minutt, Grønengstølen ein time og til Kinneklype rundt fem timar.
Utsikt mot Grønengsstølen. Foto Jon Petrusson.
Utsikt mot Grønengsstølen. Foto Jon Petrusson.
Image