Jaktområder Skriv ut E-post

Bardu

  • Frå Bardufoss flyplass til Altevatnet er det 45 kilometer.
  • Altevatn ligg 380 meter over havet og strekkjer seg 47 kilometer innover til grensa for Dividalen nasjonalpark og Leina-området på svenskegrensa.
  • Altevatn-området er eit fantastisk naturområde omkransa av fjelltoppar på opptil 1600 meter.
  • Eit unikt jaktområde for småvilt både haust og vinter, der ein på ein og same dag kan jakte både lirype, fjellrype, orrfugl og storfugl.
  • På vinterstid er Altevatn-området kjent som eit eldorado for isfiske etter røye.
Image
Leina med utsikt vestover mot Altevatn og Rokkaborre. Foto Ragnar Bøifot.
Småviltjakt ved Altevatn og Leina
  • Tor Pedersen godt kjend i dette storslåtte jaktterrenget etter 25 års jakt i området.
  • Tor Pedersen tilrettelegg skreddarsydde jaktturar for grupper på inntil 6 personar.
  • Tor Pedersen ordnar med båt og snøskutertransport til dei ulike jaktområda.
  • Du blir henta på Bardufoss flyplass og frakta til jaktterrenget slik at du er klar til å starte jakta neste dag.
  • Tor vil vere jaktguid under opphaldet. Etter behov vil andre lokale og erfarne guidar vere tilgjengelege under jakta.
  • Ein kan velje om ein vil bu i hytte eller telt.
Image
Jakt på Leina. Foto Ragnar Bøifot.
Etter avslutta jakttur
  • Etter avslutta jakt vil Tor ordne med pakking av ”viltet” og transport tilbake til Bardufosstun eller flyplassen.
  • Du har tilgang til dusj før du set deg på flyet.
Image
Lasse under vinterjakt på Leina. Foto Atle Frøysland.

Målselv

 

Dividalen nasjonalpark
  • Parken ligg ca. 70 kilometer frå Bardufoss lufthamn.
  • Nasjonalparken vart oppretta i 1971 og er på 750 kvadratkilometer.
  • Dividalen nasjonalpark er eit fantastisk naturområde med flotte dalar, elvar og mektige fjellområde.
  • For småviltjakt både på haust og vinterstid er det eit av noregs beste område, der du på ein og same dag kan jakte både lirype, fjellrype, orrfugl og storfugl .
Image
Anjavassdalen i Dividalen. Foto Finn Hungerholt.
Småviltjakt i Dividalen
  • Olav Voigt er lommekjent i Dividalen-området og tilrettelegg skredarsydde jaktturar i området for grupper på 2 – 3 personar.
  • Du blir henta på Bardufoss flyplass og frakta til jaktterrenget for å være klar til jaktstart neste dag.
  • Ein kan velje om ein vil bu i hytte eller lavo.
  • Skal ein innover til dei beste jaktområda i Dividalen, må ein bu i lavo, då det ikkje er hytter i området.
  • Utstyr kan fraktast til jaktleiren med kløvhest.
  • Olav viser deg dei beste jaktområda og vil i periodar jakte saman med deg, for at du best skal dra nytte av hans lange erfaring og gode lokalkunnskap.
Image
Vuomajavri i Dividalen. Foto Finn Hungerholt.
Etter avslutta jakttur
  • Etter avslutta jakttur ordnar Olav med pakking av ”viltet” og transport til Bardufosstun eller flyplassen.
  • Du har tilgang til dusj før du set deg på flyet.
Image
På vei til jaktleiren. Foto Atle Frøysland.