Kontakt: Atle Frøysland,
tlf. +47 916 11 846
epost

Fiske Skriv ut E-post
Aurefiske:
Fiske i Haukedalen er variert og eignar seg svært godt for heile familien.
Fisken er av god kvalitet, sølvblank og med raud og fin farge på kjøttet.
Den beste fiskeperioden i Haukedalen i elva og vatnet er frå 20 juni og ut september månad. På fjellet frå 10 juli.

Fiske i Haukedalsvatnet:
Haukedalsvatnet med sitt grønfarga brevatn ligg 300 meter over havet, er 10 kilometer langt og ligg omkransa av grøne lier og dei flottaste fjell.
I Haukedalsvatnet kan ein fiske frå båt i innlaupsosen og på vatnet. Ein mykje brukt fiskemetode er markdrag og oter.
Leige av garn og garnfiske etter avtale.

Fiske i fjellvatn:
PÃ¥ Ã…rskaugheia 600 meter over havet har ein tilgang til fiske i tre ulike fjellvatn.
Fisken er av middels kvalitet og storleik.
I Årskaugstølsvatnet har du etter avtale, tilgang til robåt.
Turen opp til Årskaugheia tar 45 minutt på skogsvei/sti.

Fiske i elva:
I elva Gaula disponerer vi over ein kilometer med mange gode og varierte fiskeplassar for fluge, sluk og mark.
Det siste strekket inn mot innlaupsosen til Haukedalsvatnet er eit eldorado for lett einhands flugefiske.
Langs og ved elva er det lagt vekt på rydding og pleie av vegetasjonen.

Â