I 2011 vart det tatt over 800 villaks på fiskerettane som FabelAktiv formidlar i Gaula og Nausta i Sunnfjord. Snittvekta i Gaula var 4.5 kilo og Nausta 3.0 kilo. Åtti prosent av laksen i Gaula, vart sett tilbake i elva. For laks over 3 kilo nitti prosent. Utsettingsprosenten i Nausta er litt lågare.
FabelAktiv formidlar frå og med 2011 fiske på Friis- og Klevenretten i Nausta, eit av Noregs beste område for laksefiske. I 2010 var det tatt 279 villaks på rettane.